Om

Filmar.no er ei side som arkiverer nedlagte og inaktive, norske filmbloggar. Bloggane som er lagt inn på sida har blitt spurt, og dei har gitt sin tillatelse.

Formålet er å ta vare på innlegga før dei går tapt. Mange har blogga mykje bra om filmar i fleire år, og når dei legg ned skrivinga si så forsvinne gjerne bloggane som følgjer av driftskostnader, nedlegging av system, eller andre årsaker. På Filmar.no kan dei bli liggande utan ekstra kostnad.

Initiativtakar

Bak Filmar.no står Asbjørn Ness, som til dagleg driv Filmdagbok og Asbjørn Ness Web. Har du spørsmål, send ein e-post til asbjorn.ness+filmar@gmail.com.

Oppdateringar

8. februar 2019

Alle innlegg som blei publisert på Gjemmestedet frå 22. mars 2004 til 11. mars 2007 er no publisert på Filmar.no. Det er 516 innlegg, fordelt på 1 kategori, av 2 forfattarar. Brorparten av bilda som opprinneleg blei publisert på Gjemmestedet er ikkje lagt inn.

31. januar 2019

Film- og kulturbloggen FUS! som tidlegare var å finne på fusblogg.com er no lagt til. Nokon innlegg manglar.