Atlas Shrugged: Part I (2011)

FUS!
25. januar 2013
Asbjørn

Det Atlas Shrugged: Part I manglar av spesialeffektar du ikkje skulle lagt merke til, hentar filmen inn på god historie og gode poeng.

I påvente av videolanseringa av andre del blei det eit gjensyn av denne undervurderte filmen. Han er minst like god som første gong eg såg han. Den visuelle biten kunne med fordel ha vore betre, og historien verkar svært forenkla. Det er soleis ikkje den beste produserte kinofilmen, men det gjer heller ingenting.

Taylor Schilling er minneverdig som Dagny Taggart, idealisten og forretningskvinna som vi knyter oss til i ei kriseherja USA der staten stadig set restriksjonar mot det private.

Enkelte vil kanskje ikkje la seg fenge av drivkrafta hennar, og dermed vil helten bli skurken. Men for min del er dette både spennande og engasjerande, og eg klarar nesten ikkje vente på del to.

IMDb: 5.6/10 from 7,045 users

Bilder

Atlas Shrugged: Part I (2011) - Filmar.no

Kategoriar

Film